Spire

Bon(n) voyage!

Spire er i Bonn for å delta på FNs mellomforhandlingar under klimakonvensjonen, som leiar opp mot toppmøtet COP23 i november i år. Spires representantar Iselin & Fanny reiste til konferansen med tog og båt, og følgjer forhandlingane tett saman med sivilsamfunnsorganisasjonar frå heile verda. Vi har tatt ein prat med Iselin og Fanny for å finne ut meir om kva som skjer i Bonn.

Iselin og Fanny representerar Spire på mellomforhandlingane i Bonn som observatørar. Begge brenn for klimarettferd, og deltar på FNs klimaforhandlingar for første gong. Iselin Paris studerer Samanliknande politikk ved UiB og er leiar for Spire Bergen. Fanny Pindsle er medlemskonsulent i Røde Kors og jobbar i Avfall Norge, og er dessuten påtroppande leiar for Spires klimautvalg.

- Vi ser fram til å møte menneske frå heile verda som brenn for klimarettferd, og håpar vi sit att med mykje ny kunnskap og ei håpefull kjensle fram mot COP23, sier Iselin.

- Det er viktig å delta på mellomforhandlingane fordi det er her dei legg føringane for kva som skal arbeidast med under COP23, fortsetter Fanny. Dette er ei gyllen moglegheit for Spire til å påverke på områder som er viktige for oss. Utfallet av mellomforhandlingane set standarden for korleis medlemslanda skal arbeide mot å nå måla i Paris-avtalen. Forhandlingsmøtet legg òg grunnlaget for 2018, når medlemslanda skal møtast og vurdere innsatsen sin og fremje nye klimamål.

Paris-avtalen trådde i kraft i november 2016, og skal gjelde frå 2020. Målet med avtalen er å avgrense global oppvarming til 2 grader, aller helst ikkje meir enn 1,5 grad. Det er mykje som skal på plass for at vi skal klare dette målet, og det er dette ein skal finne ut av på mellomforhandlingane no. Det er under det store klimatoppmøtet COP23 (det 23. partsmøtet) i november at partane skal bli einige om dei nye måla som blir sett no. Norge er blant landa som særleg må auke ambisjonane sine, både når det gjeld finansiering og nasjonalt bestemte mål.

- Foreløpig har vi ikkje sett at dei norske ambisjonar og mål er på det nivået dei burde vere. Norge er det einaste landet i Europa som har hatt auka utslipp av klimagassar dei siste åra, og det er no på høg tid at vi kuttar eigne utslipp, sier Fanny.

Med dei planlagde utslippskutta vi har per i dag samla sett, er vi langt unna målet på to grader. Det er også eit stykke att før finansiering av utslippskutt og tilpassing er på det nivået som er nødvendig for å nå måla i Paris-avtalen. Dette er noko av det som skal diskuterast under mellomforhandlingane i Bonn.

- Det er fleire tema som skal diskuterast og forhandlast om, og mykje blir forhandla parallelt under ulike sesjonar. Vi skal særleg følgje tilpassing, handel og internasjonal transport av varer, samt likestilling mellom kjønn, avslutter Iselin.

Følg Spire på Snapchat og Instagram (@Spireorg), for å få oppdateringer undervegs.