Spire

Bønder og matfolk på same side

Dette innlegget er skrevet av Rosa Rada og Eline Kvamme Hagen i Spires matutvalg. Det stod først på trykk i Nationen 30. juni 2016.

Er miljørørsla på kant med landbruksnæringa? Miljørørsla har gjentekne gongar urettvist vorte skildra som motstandarar av marknadskrefter og økonomisk vekst.

Miljøvernarar sjølve har ofte kritisert sine eigne for å bruke framandgjerande retorikk. Ted Nordhaus og Michael Shellenberger publiserte i 2004 den utfordrande og omdiskuterte artikkelen «The Death of Environmentalism» der dei hevda at den moderne miljørørsla må døy, for å gje rom til noko nytt.

Forfattarane meiner at den moderne miljørørsla engasjerer seg i for snever interessepolitikk, tyr til oppbrukte og utdaterte strategiar, og skyv i frå seg potensielle allierte. Mest overtydande er likevel argumentet om at miljøvernarar bør byrje å bry seg med spørsmål som ikkje er direkte relatert til miljøet, slik som rettane til arbeidstakarar.

Meir enn ti år seinare lét det til at delar av miljørørsla, særleg entusiastiske forkjemparar for bærekraftig mat, har tatt til seg denne kritikken.

Den auka interessa for bærekraftig mat medfører ei breiare forståing av miljøvern - i staden for å berre fokusere på korleis dagens landbruksmetoder trugar biodiversitet, jordbruk, og vatntryggleik vert det naudsynt å sikre bærekraft i alle ledd av matkjeda. Dette omfattar ikkje berre omsyn til miljøet men og til menneska som arbeider innanfor næringa. Difor er bønder sine rettar, forbrukarhelse, og rettferdig fordeling i samfunnet underliggjande føresetnadar for eit matsystem tufta på bærekraft.

Denne nye tilnærminga ser ut til å fungere. Etterspurnaden etter bærekraftig mat har auka kraftig, interessa og dekninga i media har aldri vore større, og forbrukarane sine matvaner endrar seg sakte men sikkert.

Som ein sterk kontrast til denne utviklinga står den stadige intensiveringa av det industrielle landbruket og det faktum at miljøskadelege landbruksmetoder framleis er normen på verdsbasis. Landbruksnæringa står for ein svært stor del av ressursbruken av land, vatn, atmosfæren og energi, i tillegg til å vere ein av dei største kjeldene til klimagassutslepp. Desse utviklingstrekka er vidare ein trugsel for global mattryggleik, jordbruk, vatntryggleik og biodiversitet.

På bakgrunn av landbruksnæringa sin mektige posisjon er opne og ærlege former for samarbeid som involverer både miljøvernarar og aktørar frå den industrielle landbruksnæringa heilt essensielt. Dersom ein set til sides nedsetjande stereotypar er det lett å oppdage felles interesser.

Statleg handelspolitikk er moglegvis det beste dømet på slike felles interesser. TTIP, (Transatlantic Trade and Investment Partnership), handelsavtalen som for augneblinken vert forhandla fram mellom EU og USA, utgjer ein stor trugsel mot både miljø- og klima-omsyn så vel som mot bønder sine gardsinntekter på begge sider av Atlanterhavet.

For å sikre ein bærekraftig handelspolitikk kan ein ved å foreine uventa allierte kome fram til langsiktige og gode løysingar.

Det er tid for å lytte, samarbeide og kome opp med kreative idear. Saman kan vi sikre at god mat er tilgjengeleg for alle, både dagens og framtidas generasjonar.