Spire

Utdanning for berekraftig utvikling

Vil du bli ein av framtidas klimaheltar?
Menneskeskapte klimaendringar er ei av dei store framtidsutfordringane verda står ovanfor, og eit stort hinder for å skape ei berekraftig utvikling. Spire har utvikla eit undervisningsopplegg der elevar ikkje berre skal lære om klimaendringar, men lære korleis ein kan gjere noko med dei.

Undervisningsopplegget «Framtidens klimahelter» er retta inn mot VG1. Det er lagt opp til å vere fleirfagleg, og kan gjennomførast i to eller fleire av faga samfunnsfag, geografi, naturfag og norsk. Opplegget kan også gjennomførast i mindre skala i eit enkeltfag. Målet med undervisningsopplegget er å skape engasjement og tru på eiga evne til påverking. I tillegg til fagleg kunnskap om klimaendringar tilrettelegg undervisningsopplegget for at elevar både reflekterer over eigne klimaspor og engasjerer seg for å påverke andre. Slik skal elevane sitte igjen konkret handlingskompetanse for endring etter gjennomført undervisningsopplegg.

Berekraftig utvikling er eit av tre fleirfaglege tema som skulen skal tilrettelegge for læring innanfor, ifølge den nye overordna delen av læreplanverket fastsatt i 2017. Undervisningsopplegget til Spire er utvikla med støtte frå Den Naturlege Skulesekken og Sparebankstiftelsen.

Høyrast dette aktuelt ut for din skule eller di klasse? Ta gjerne kontakt med Viljar Eidsvik, på viljar(a)spireorg.no for meir informasjon eller samarbeid!